Hopp til innhold

Ingrid Fiskaas 1. mai-tale i Egersund

Ingrid Fiskaa var vår hovedtaler ved årets markering av 1. mai i Egersund. Her kan du lese hele talen.

Bilde: Dalane Tidende
Bilde: Dalane Tidende

1. mai-tale 2016, Egersund

Dei har andre vanar og tradisjonar enn oss andre. Dei har tette band til miljø utanfor Norge, og kjenner seg gjerne mest heime der. Dei sender helst ungane på privatskular eller til utlandet. Dei giftar seg med andre frå det same miljøet. Arrangerte ekteskap, gjerne med økonomiske motiv, er vanleg. Dei bidrar ikkje til fellesskapet, betaler ikkje skatt, men snyltar gjerne på skattebetalarane sine pengar. Dei ler av alle oss andre som faktisk bidrar. Du ser dei aldri på dugnad. Kort oppsummert: Levemåten deira trugar velferdsstaten og sentrale norske verdiar.

Dei er den globale eliten. Dei folka som utgjer den rikaste prosenten eig no over halvparten av verdiane i verda. Dei syltar vekk enorme, uproduktive formuar i skatteparadis. Det er pengar som kunne vore investert i arbeidsplassar og grøn omstilling. Dei har fått lov til å gjera det, godt hjulpe av ein politisk elite, i Noreg og alle andre land, som ser anten ein annan veg eller aktivt jobbar for større forskjellar.

Denne eliten av dei superrike gjekk fri etter finanskrisa, sjølv om det var dei som hadde skapt krisa og sendt millionar av menneske i Europa ut i fattigdom og arbeidsløyse. Ikkje berre gjekk dei fri - dei fekk statane til å stilla opp og betala for seg. I neste omgang var det skattebetalarane som måtte plukka opp rekninga etter tidenes spekulasjonsfest, mens spekulantane og toppleiarane kunne fortsetta å heva bonusane, leiarlønnene og profitten sin.

Då Panamapapira blei avslørt for nokre veker sidan, blei det populært å kritisera DNB for å legga til rette for at kundane kunne plassera pengane sine i skatteparadis. Den kritikken fortener DNB, og toppsjefane der må opplagt ta eit større ansvar enn dei har gjort til no. DNB har på denne måten bidratt til heile denne globale skuggeøkonomien, der enkeltpersonar og bedrifter lurer vekk pengar som skulle ha gått til å betala skular og sjukeheimsplassar. Eit forsiktig anslag frå Økokrim seier at 136 milliardar kroner kvart år blir unndratt skattlegging i Noreg.

Men ikkje berre det: I skatteparadisa er dei i selskap med organiserte kriminelle: Narkotikasmuglarar og dei som kjøper og sel kroppane til kvinner og barn i prostitusjon Terroristar. Våpenhandlarar. Denne internasjonale hemmeleghalds-industrien av skatteparadis, skatteadvokatar og revisorar sørger for at alle som har noko å skjula får hjelp til det.

Det har blitt populært å kritisera både DNB og skatteparadisa, og bra er det. Men kvifor meiner då stortingsfleirtalet at det er greitt å la oljefondet investera 200 milliardar kroner i dei same skatteparadisa? Gjennom oljefondet sine investeringar er Norge med på å legitimera dette hemmeleghaldet, som undergrev velferdsstaten og demokratiet.

SV har føreslått å trekka oljefondet ut av skatteparadis. Det reknar me med at vil få fleirtal neste gong.
Me føreslår og å få ein slutt på at pengar som skal gå til velferd, hamnar på avvegar. Me må ganske enkelt få slutt på at enkeltpersoner kan fylla dei utanlandske kontoane sine med dine og mine skattepengar!

Pengar som skal gå til sjukeheimar, asylmottak og barnehagar må gå til akkurat det.

Å investera i velferd gir investorar stabile inntekter og lite risiko. Derfor ønskjer store investeringsselskap å eiga både skular, barnehagar, sjukehus, asylmottak og sjukeheimar. Velferdsprofitørane har hendene sine djupt nede i slunkne kommunekassar rundt om i landet.

Det seier seg sjølv at desse private investorane ønskjer å tena pengar. Å skaffa seg overskot på velferdstenester handlar alltid om å kutta kostnader. Og desse kutta får store konsekvensar for dei som blir berørt: ungar, flyktningar og eldre. Velferdsprofitørane tener pengar ved å kutta i bekvinninga og bemanninga, ved å bruka færre faglærte og ikkje minst ved å svekka lønns- og arbeidsvilkåra til dei tilsette.

SV krev at for det første at folk skal få beholda pensjonen sin viss arbeidsplassen blir privatisert.

Men me krev meir: Me krev at profitt skal ut av velferden. Skattepengane våre skal gå til velferd, ikkje til skatteparadis.
Årets parole på 1. mai er arbeid til alle. Me er i ein alvorleg situasjon med høg arbeidsløyse her i landet. Å vera arbeidslaus er tungt for den enkelte. Det er vanskeleg å ikkje kjenna seg nyttig, ikkje ta del i eit arbeidsfellesskap, få avslag på søknadar og kjenna på økonomisk utryggheit og uro for dagen i morgon.

Men arbeidsløyse er også sløsing med den viktigaste ressursen me har som samfunn, nemlig folk. Det er arbeid som skaper verdiar og gir grunnlag for fellesskapsløysingar.
Derfor er det ein tragedie både for den enkelte, for bedrifta og for lokalsamfunn at me har ei regjering som står med hendene i lomma når det krevst handling. Som viser til at marknaden skal ordna opp når statlege musklar og pengar kunne ha halde folk i arbeid. Som satsar på enorme summar i skattelette – utan å kunna vise til ein eineste arbeidsplass som gevinst.

Regjeringa nektar for at det er ei krise. Eg trur ikkje dei 135 000 som i dag står utan jobb er einige i det. Over 600 av dei bur her i Dalane.

Den mørkeblå regjeringa fører ikkje berre ein passiv næringspolitikk. Dei raserer arbeidslivet for dei som faktisk har jobb. Gjennom angrepet på arbeidsmiljølova får færre fast jobb og fleire må ta til takke med vikariat og midlertidige jobbar.

Me krev derfor ikkje berre arbeid til alle. Me krev og eit anstendig arbeidsliv. Då må me jobba for gode arbeidsforhold og at fleire organiserer seg. SV vil og stilla tydelege krav når bedrifter skal gjera arbeid for det offentlege. Me vil at fagarbeidarar, lærlingar og faste tilsettingar skal vera ei forutsetning for å konkurrera om offentlege kontraktar.

Derfor vil SV jobba for å innføra den såkalla Telemarksmodellen som regelverk for offentlege anskaffelsar. «Telemarksmodellen» oppsto i Skien kommune, der kommunen saman med Fellesforbundet og NHO laga «Skiensmodellen mot sosial dumping». Bakgrunnen var at det blei avdekka fleire grove brot på lønns- og arbeidsforhold på kommunens byggeplassar.

Med Telemarksmodellen blir det stilt tydelege krav til oversikt og ryddige forhold. Sånn kan useriøse aktører bli stengt ute. Det vil og sikra kompetanse og kvalitet gjennom krav til at fleirtalet av dei tilsette skal vera faglært innanfor fagområdet sitt. I tillegg må bedrifter og underentreprenørar som vinn offentlege anbudsrundar vera godkjente og aktive lærlingebedrifter, noko som både vil sikra ungdom lærlingeplass og nødvendig rekruttering til bransjen.
Me har altså ei regjering som er meir opptatt av å klø dei aller rikaste på ryggen, enn å ordna opp i arbeidsløysa, klimakrisa og flyktningkrisa. Og la meg få sagt det med det same: Flyktningkrisa er altså ei krise for flyktningane, og ikkje for Noreg. Derfor støttar me i dag Norsk Folkehjelp sin 1. mai-aksjon, og ikkje Sylvi Listhaug sine forsøk på at Noreg skal få den mest umenneskelege flyktningpolitikken og den minst fungerande integreringspolitikken i Europa.

Men regjeringa ser jo ikkje ut til å trivast særleg godt i jobben heller: Me har ein flyktningminister som ikkje vil ha flyktningar, ein kommunalminister som ikkje vil ha kommunar, ein kunnskapsminister som ikkje vil ha lærarar, ein justisminister som ikkje vil ha lensmannskontor, ein helseminister som ikkje vil ha sjukehus, ein landbruksminister som ikkje vil ha bønder, og sist men ikkje minst; me har ein likestillingsminister som ikkje vil ha likestilling!

Alt som er bra med det norske samfunnet, vil dei ha vekk. Dei gode verdiane som arbeidarrørsla og andre folkelege rørsler har kjempa fram gjennom organisert kamp, og som me lenge trudde at me kunne kalla for norske verdiar - dei verdiane kan me tydelegvis ikkje ta for gitt. Det er derfor me er her i dag, tenkjer eg. Fordi me må minna oss sjølv og kvarandre om dette:
At den globale eliten, velferdsprofitørane og regjeringa trugar den norske velferdsstaten og dei norske verdiane.

Hotell- og restaurantarbeidarane, derimot. Dei står opp for dei beste sidene ved det norske samfunnet. Dei sidene som det er verd å slåss for. Og mange av dei er ikkje sjølv fødde i Noreg. Streiken som pågår no, fortener vår fulle støtte. Dei streikar for ei anstendig lønn. Mange av dei har ei løn som ligg 100 000 under gjennomsnittet. Mange har rett og slett for dårleg lønn til å få det til å gå rundt, sjølv med full jobb. Spør du meg, så har hotellkongane i dette landet råd til å betala arbeidarane sine litt meir.

Hotell- og restaurantarbeidarane viser i dag det som har vore, og er, arbeidarrørsla sin styrke: Å stå saman. Ikkje stå med lua i handa, men kreva ein større del av rikdommane i verda. Dei viser korleis det skal gjerast. 1. mai er ein god dag å hugsa at me kan forandra verda. Me står i ein stolt tradisjon, som har kjempa fram eit betre samfunn, steg for steg. Så derfor: Gi ein stor applaus for dagens og vårens heltar - og takk for meg.

Ingrid Fiskaa, SV